<?xml version="1.0" encoding="utf-8"?>
<document>

Femti år etter at Bob Dylan gav ut Blonde on Blonde, kjem den nynorske versjonen.

Det skjer neste veke når Tom Roger Aadland gjev ut Blondt i blondt.
Då er det sju år sidan han gav ut den førre Dylan-plata, Blod på spora, som fekk strålande kritikkar.
Rockepoeten frå den vesle bygda Vikebygd nokre mil nordom Haugesund har lenge hatt eit varmt forhold til Bob Dylan.

– Det var ikkje mange tenåringar på Vestlandet som høyrde på platene til Bob Dylan i 60-åra.
Jamaldringane mine høyrde mest på Kiss og Queen, men Blonde on Blonde var ei av dei første platene eg skaffa meg.
Særleg den siste messande og langsame melodien «Sad-Eyed Lady of the Lowlands» gjorde sterkt inntrykk, fortel Aadland.

På den nye plata har melodien fått tittelen «Sorgsame kvinne frå Jæren», og han byrjar slik:

«Med din merkurmunn i eit misjonsmagasin

Og dine auge som røyk og dine bøner som rim

Og din sølvkross klår, og di klokkerøyst som skin»

DYLANS BESTE

Tom Roger Aadland meiner at Blonde on Blonde er Dylans beste plate.

– Men eg var klar over at ho er ei av dei som er vanskelegast å formidla.
Først sette eg om ei anna plata, John Wesley Harding, som er langt meir gamaltestamentleg.
Eg spelte inn ein demo, men det kjendest som det var lite nytt.
Det var ikkje lett å gjendikta den plata heller, men Blonde on Blonde var langt vanskelegare og spennande å gå laus på.

– Ikkje alle platene til Dylan er urbane, men på Blonde on Blonde finst kjærleikslengten frå det urbane nachspielet.
Eg oppdaga plata på nytt då eg arbeidde med songane, og eg likar henne endå betre no.
Eg har alltid ein hovudsong på ei plate, og den må eg få til.
På Blood on the Tracks var det «Idiot Wind», og no er det «The Sad-Eyed Lady».
Eg song den første versjonen for kona mi og ein god ven som er stor Dylan-tilhengjar.
Begge var svært positive, og då bestemde eg meg for å trø til vidare.

– Kor vanskeleg er det å gjendikta Dylan?

– Nokre av songane er svært utfordrande.
Dylan er ein rimsmed, og det var langt mellom dei gongene der eg kjende at alt stemde.
Men eg har nok arbeidd mykje hardare med desse tekstane enn med Blod på spora.
Eg meiner å ha nokså god forståing for kva Dylan skriv om djupast sett.
Eg trur eg forstår Dylan-universet med spissformuleringar, motsetnader og ei skildring av verda som ein flimrande stad, der ein skal vera varsam med å tru at ein har fanga essensen av noko som helst.
Det har nok vore til god hjelp i tilnærminga til tekstane.
Stort sett har eg vore ganske trufast mot originaltekstane, og di lenger eg arbeider med ein tekst, di meir nærmar eg meg originalen, men der finst liner der eg har gjort endringar.

– Det er kjærleikslengten som Bob Dylan er riden av, som merkjer ut Blonde on Blonde

Tom Roger Aadland, rockepoet

– Det er meir kjærleik enn politikk på denne plata?

– Mykje handlar om ikkje-oppnådd kjærleik.
Dei to store kjærleiksongane på plata, «I Want You» og «Sad-Eyed Lady of the Lowlands», skreiv Dylan til kona Sara.
Sjølv om han var nygift, valde han ikkje å skildra den store lukka.
Det gjorde han på dei neste platene, men folk flest tykte at dei er langt mindre interessante.
Det er kjærleikslengten, som Dylan er riden av på Blonde on Blonde, som merkjer ut plata.
Det er vanskeleg å toppa «Like a Rolling Stone» på Highway 61 Revisited, men eg er likevel meir glad i Blonde on Blonde, som rører meg på eit anna vis.

MED STOR RESPEKT

– Det er dristig å gjendikta ein nobelpriskandidat?

– Ja, og det er med stor respekt for songane til Dylan at eg har gjort det.
Ein skal ha svært gode grunnar for å byrja å leggja til adjektiv.
Det fungerer nesten aldri i gjendiktingar og omsetjingar.
Dylan skriv så klart og journalistisk.
Setningane er ganske nøytrale, klare og nøkterne.
Dei har ein touch av Hemingway, og det er mykje temperatur i dei.

– Har det vore vanskeleg å finna gode rimord?

– Det har vore ei utfordring, men eg trivst med å tenkja på rim.
Det er slik eg skriv mine eigne tekstar, og for meg hadde det vore vanskelegare utan rim.

– Kva tyder Blonde on Blonde?